Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anders Totland: Den norske slavehandelen

Illustrert av Kristian Krohg-Sørensen

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 4–11)

Den dansk-norske medverknaden er ofte underkommunisert når norske born skal læra om slavehandelen. I den nye faktaboka si gjev Anders Totland ei levande skildring av kvardagen til nordmennene som dreiv med slavehandel. Her får me møta alt frå sjømannen Ole Nicolaysen, som arbeidde og døydde under harde kår på slaveskipet Fredensborg, til norske guvernørar som dreiv slavefort på den afrikanske vestkysten. Totland skriv lett og levande, og innimellom får me faktaboksar som gjev ekstra informasjon om dei ulike emna.

Boka avsluttar med å syna at slavehandel, jamvel om det no er i andre former, framleis er noko som føregår. I siste kapittelet får me nemleg fylgja Irena, som vart halden som slave og tvungen til prostitusjon i Oslo i to år før ho greidde å rømma attende til Litauen.

Høyr Anders Totland snakka om boka:

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12