Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anders Totland: Nedteljing

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisningsopplegg til Nedteljing

Totland viser oss med Nedteljing nok ein gong ein høgst aktuell, men vond og vanskeleg tematikk. Viggo som er hovudpersonen, blir utsett for utpressing etter å ha vist seg naken overfor ei jente på nettet. Om han ikkje betaler ein høg sum, vil videoen bli vist til alle han kjenner. Korleis skal han kome seg ut av denne klemma?

Dei fire venene Alex, Oskar, Emma og Viggo er mykje saman i sommarferien, på bading, ved bålet eller på kino. Emma og Alex er kjærastar, men Viggo er også forelska i Emma. Han legg merke til alt Emma gjer, og drøymer mykje om ho. Oskar fortel Viggo om ein nettstad der ein kan komme i kontakt med folk overalt i verda. Oskar har ein avtale om å møte ei jente han har chatta med, og han sender eit bilete med seksuelt innhald til Viggo. Om kvelden surfar også Viggo på chatrouletten, kanskje han kan vere like heldig? Dagen etter står Oskar på trappa, full av spennande opplevingar.

Viggo chattar med ei fransk jente som er veldig pågåande, ho kler først av seg sjølv før ho får han til å kle av seg og vise seg fram. Plutseleg går skjermen i svart, og ho dukkar ikkje opp igjen.

Dei fire ungdommane møtest på stranda nesten dagleg. Viggo følgjer med på det Emma seier og gjer, og legg merke til korleis ho er kledd, i ein kort shorts og med ein raud bikinitopp under T-skjorta. Emma lokkar på Viggo for å få han til å bade. Han bestemte seg for aldri å bade meir då han i sjette klasse tabba seg ut og fall i svømmebassenget utan badebukse. Emma overtyder han med replikken: «Du kan vel ikkje sitja på land resten av livet?» Det går mykje betre enn Viggo kunne tru, sjølv om badinga endar med eit stort mageplask for hans del.

Om kvelden tar den franske jenta kontakt, og seier ho har gjort eit opptak av Viggo. Nå trugar ho med å publisere det overfor alle facebook-vennane hans, ikkje minst Alex og Emma som ho veit namnet på. Viggo blir heilt fortvila og seier han går med på kva det måtte vere, og han blir kravd for 3000 euro. Men han har ikkje så mange pengar, og kan ikkje skaffe dei heller. Han sjekkar om videoen finst, og det gjer han verkeleg.

Mamma forstår at noko er gale, men dette kan ikkje Viggo fortelje om. Mamma masar heile tida om nettvett, og nå har han tabba seg ut. Korleis skal han kunne skaffe desse pengane? Han får ei ny melding frå den franske jenta: The clock is ticking …

I etterordet fortel Totland at sjølve historia han fortel er oppdikta, men at han viser korleis ein utpressar kan jobbe på nettet. Kripos åtvarar folk mot å gå i same fella, og boka sluttar av med nokre råd frå Kripos om ein skulle hamne i same situasjon som Viggo.

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
ungdomsbøker