Laura Djupvik: Den andre søstera

Saman med mamma og storesøster Ida flyttar Selma, snart 15 år, til det gamle, litt falleferdige  huset mamma har arva. Dei andre husa er nyare og med velstelte hagar. Deira hus ligg i ei skråning ned mot ein dal. På Selma sitt rom står vindauget ope, og ho høyrer lydar frå skapet. Selma opplever at skapet er fullt av kjolar, men mamma ser dei ikkje. Selma tenker at ho ikkje må fortelje om det ho ser og opplever. Mamma har vakse opp i dette huset, men ho har aldri fortalt om det som hende der.

Selma er redd, det er noko på rommet hennar: «Tomme hus er aldri heilt tomme. Men ingen trur meg når eg seier det». Ein dag kjem ho seg ikkje ut døra på rommet sitt, nokon må ha låst ho inne. Ho ser stadig skuggar i vindauget, og på skolen ser ho ei jente i eit gammaldags skjørt på toalettet. Ida er livredd for å vere heime aleine, ho er heilt sikker på at det er nokon andre der. Ho styrtar ut, og gøymer seg i det store treet.

Ein dag ho sit i treet, ser ho ei jente nede i dalen. Jenta kjem mot ho og seier: «Du ser meg». Selma synest det er lett å snakke med ho, og jenta fortel at ho heiter Anna. Like brått som ho kom, er ho borte. Anna finst heller ikkje på skolen dagen etter.

Selma kjenner igjen den melodien Anna song på, det er den same som på den gamle plata til mamma. Mamma orkar absolutt ikkje å høyre på denne melodien. Selma fortel søstera at ho er redd og sit i epletreet når ho må vere aleine heime. Ida seier at mamma ikkje må få vite noko.

Anna kjem att, og Selma opplever at huset ikkje lenger er gammalt, men har eit vakkert rosetre. Epletreet er friskt att, og har raude eple. Men då Selma skal ta eit eple, forsvinn alt for ho. Anna er også borte. Noko trekker Selma ned mot dalen, ho blir iskald. Ho ser Anna, men Anna finst jo ikkje?

Denne boka er ein del av Grøss og gru-serien, ei lettlesen bok for ungdommar med eit spennande og overnaturleg innhald.