Åsmund Husabø Eikenes: Sprut. Historia om kroppsvæskene våre

«Mangel på kunnskap om mat og kroppsvæsker kan få alvorlege konsekvensar og bli eit festmåltid med bismak: På menyen står råmjølk, blodpudding, hjernemasse og morkake.» Dette er ein av dei mange spenstige formuleringane i denne boka om dei 54(!) kroppsvæskene i menneskekroppen. Eit kyss, eit sveitteutbrot eller ei tåre blir aldri det same etter å ha lese denne boka. For ikkje å snakke om innsikta i kva som faktisk skjer før, under og etter eit samleie.

Biologen Åsmund Husebø Eikenes fortel på ein svært folkeleg og morosam måte om kvar dei ulike kroppsvæskene finst og kva funksjon dei har. Han har eit historisk perspektiv og krydrar framstillinga med døme frå eigne og andre sine personlege opplevingar og frå internasjonal forsking.

Mange av dei etiske dilemmaa vi møter i samband med dagens høgteknologiske diagnostisering og behandling, blir også drøfta på ein god og fordomsfri måte. DNA-analyse og genmanipulering er t.d. viktige hjelpemiddel i moderne medisin, men slik kunnskap kan også misbrukast.

Boka på 180 sider er lettlesen og høver godt for vidaregåande elevar og andre med særleg interesse for biologi og anna naturvitskapleg forsking. Ho kan vere eit fint supplement til læremiddel på desse fagområda og som kjelde i fordjupingsoppgåver. Avsnitta om designbabyar og jakta på ungdomskjelda er også gode utgangspunkt for drøftingar om etikk, abort og andre verdispørsmål.

Boka har omfattande litteratur- og referanselister. Dette gjer det lett å finne vidare lesnad om dei ulike emna. Her kan den som ynsker det, finne meir detaljert informasjon om mange av behandlingane Eikenes skriv om. Det kan også vere greitt dersom ein t.d. vurderer å injisere gallesyre for å bli kvitt dobbelhakene eller å ete morkake-kapslar for å auke energien.

Utdrag frå boka