Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby: Mørkt

Du kjenner det allereie når du får boka i hendene og fingrane stryk over det fløyelsmjuke omslaget: Om du let att auga, kjennest boka til og med nattsvart ut. Midt i alt det mørke står Dag og kjenner seg så liten. Han er nemleg mørkredd. Om dagen er Dag trygg og glad, spelar fotball og har det heilt fint, men når natta kjem, kjem også dei skumle tankane. I det siste har til og med mørkeret byrja å bråke, og det kjennest som om mørkeret kjem nærare for kvar kveld.

Ein kveld Dag ligg i senga og er redd for mørkeret, får han besøk. Ho liknar ikkje på noko han før har sett, er rask og sterk og held han fast når han prøver å springe sin veg. Natalia heiter ho, og ho vil vere saman med Dag. Så kva skal dei finne på, når Natalia er redd for lyset, redd for å forsvinne i det?

Illustrasjonane i boka har teikneseriepreg, med innslag av ruter som til dømes viser situasjonen frå fleire vinklar. Sidene er svarte med innslag av kvitt og grått, og spelar på nettopp kjensla av å ikkje heilt vite kva som finst der i mørkeret. Boka er filosofisk og inviterer til å reflektere rundt kva som er verkeleg og kva som er fantasi. Kanskje er overgangen flytande – i alle fall i mørkeret?

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6