Ruth Lillegraven: Alt er mitt

Ekteparet Haavard og Clara byttar på å ha synsvinkelen i det meste av boka, som har 75 små kapittel. Dei lever tilsynelatande eit hyggeleg og velfungerande familieliv med tvillingsønene sine. Haavard er lege på Ullevål og Clara er byråkrat i justisdepartementet. Kapitla er skrivne vekselvis på nynorsk og bokmål.

Ein dag kjem ein far berande på den livlause guten sin inn på avdelinga til Haavard. Guten ber tydleg preg av mishandling, men før dei får konfrontert faren med dette, blir han skoten ned utanfor sjukehuset. Haavard begynner å lage ei liste over andre mishandlingstilfelle han støtt på i jobben. Han har alliert seg med kollega Sabiya, og det viser seg at dei to har eit forhold. Dei drar med jobben på seminar på Lysebu, og der skjer neste mord på ei innvandrarkvinne.

Clara er oppteken av å gjere karriere, og nøler ikkje med å takke ja då ho får tilbod om å bli statssekretær, trass i at ho ikkje liker justisministeren. Han på si side går hardt ut i media om dei to drapa, og er sikker på at det handlar om oppgjer i innvandrarmiljøet. Justisministeren får ikkje greie på at Haavard er varetekstfengsla og mistenkt for morda sidan han har vore til stades begge gongene og har loge i forklaringa si. Så skjer det tredje mordet, denne gongen på ei norsk dame. Kva er då motivet?

Clara og Haavard snakkar lite saman, og dei lyg på kvar sin kant. Haavard trur ikkje Clara veit at han er utru, men det veit ho. Han veit lite om oppveksten til Clara, bare at ho har eit tett forhold til far sin. Med andre ord; ingenting er slik det ser ut til å vere, og det flokar seg kraftig til for dei.

Utdrag frå boka: