Kroken og Kolden: Frosten og døden

Marius Duvdalen går tur med hunden Rapp då han legg merke til at det ikkje ryk frå pipa til Agnes Skarstulen. Det er -30 ute, så dette må han finne ut av. Naboen Annirose har heller ikkje sett ho. Hunden finn Agnes ute i snøen, og det er ikkje tvil om at Agnes har vore utsett for eit brotsverk. Lensmann Sylfest Seljestad kjem, og ber om teknikarar. Han tilkallar også Jørgen Vold og Reidun Hammer. Marius fortel at Agnes hadde vunne fleire millionar i lotto, men at det ikkje var mange som visste det.

Etterforskinga viser at ingen i bygda har kjent Agnes noko særleg godt, sjølv om ho vaks opp i Lom. Etter at ho flytta tilbake til heimbygda, heldt ho seg aleine, var ganske avvisande og til tider aggressiv mot folk. Det var nesten ingen som slapp inn i huset hennar. Heller ikkje tidlegare lensmann Eva Joten veit så mykje, men ho har prøvd å intervjue Agnes i samband med ei historiebok. Ho har då fortalt at ho vore utsett for ei grufull hending. Agnes har vore innlagd på psykiatrisk, ho var veldig bitter, og nokre seier at ho fekk ein unge?

Etterforskinga står i stampe. Det er vanskeleg å finne ut kven Agnes verkeleg var, det er ingen som peikar seg ut til å vere mistenkte, og det er vanskeleg for politiet å finne eit openbert motiv.

Marius Duvdalen har vore inne til avhøyr, og har fått sjå kåpeknappen dei fann på gjerningsstaden. Han har ei aning om kven det er sin, og seier han berre skal undersøkje noko. Men Marius blir drepen på toalettet på BrimiBue midt i Lom sentrum etter ein lunsj. Det er Arne Brimi sjølv som oppdagar liket.

Romanen byr ikkje berre på ei krimgåte, men tar også opp emne som einsemd, utestenging og psykiske vanskar. Eit lite bygdesamfunn der ein trur alle kjenner alle, har mange skjulte sider.

Utdrag frå boka: