Pia Strømstad og Ella K. Okstad: Heksa Galla

Leseland, nivå fire

Heksa Galla er ei forrykande bok om ei heks utanom det vanlege. Ho hevdar til dømes at ho er fryktlaus, men er eigentleg redd mange ting, som vatn, syngjande monster, tannbørsten sin og mørkeret. Men mest av alt er Galla redd born. Dei får henne til å gløyme trolldomskunstane og trylleformlane sine, og ho blir sitjande under bordet med fingrane i øyra og vente til borna har gått forbi huset hennar. Derfor finn ho ut at ho må lage ein plan for å bli kvitt desse små menneska: Ho vil koke dei i badekaret sitt. Ho får hjelp av den gode naboen Torvald, og går i gang.

Det høyrest kanskje nifst ut, men boka er meir humoristisk enn skummel, og ho er full av ekle og fråstøytande detaljar, som ormeblod og flugemjøl. God lesing!