Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Annika Lundholm Moberg: Raketten

Parva har superfantasi og kjem stadig på nye historier å fortelje eller idéar til prosjekt som kan setjast ut i livet. Det er berre eitt problem: Ho har lyst til å vere venn med Bea, og Bea likar ikkje slikt. Parva har skikkeleg lyst til at Bea skal like henne, og finn ut at ho vil slutte med alt det som Bea synest er teit. Ho vil ikkje tenkje ut nye historier eller byggje noko som helst lenger. Til slutt blir ho nesten usynleg, utan at det gjer at Bea blir særleg meir interessert i henne. Så kjem det ei ny jente i klassen, Rubi. Ho har også livleg fantasi og føreslår at dei skal byggje ein rakett i lag i skuleprosjektet. Parva har lyst til å bli med, men kva vil Bea seie? Og skal ho bry seg om det?

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
6–9
lettlesne bøker
Frost
3–6