Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Vegard Markhus: Det runde problemet

Robert kjenner på seg at alt ikkje er slik som det skal vere. Alt er berre rot. Ikkje høyrer han fuglesongen eller vekkarklokka. Ikkje ser han rotet rundt seg eller blåfargen på himmelen. Det er noko viktig som manglar, han kjem berre ikkje på kva det er. Då han snublar i ei rund greie som ligg på golvet, skjønar Robert at han har eit problem. Men kva kan den runde greia brukast til, eigentleg?

Som i Timothy mister seg sjølv er det eit nokså absurd problem som oppstår i Det runde problemet: Å miste kroppsdelar er noko som vanlegvis er nokså dramatisk og kritisk, men i bøkene til Vegard Markhus er denne tematikken både humoristisk og uproblematisk. Den enkle og naivistiske streken forsterkar humoren i bøkene og gjer at temaet ikkje vert makabert og usmakleg. Det runde problemet eignar seg for born frå 5 år og oppover.

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
6–9
Frost
3–6
3–6