Terje Torkildsen: Isla Bonita

Endeleg skal det bli ein vanleg ferie på Carlo 16 år og mora hans! Dei kjem til San Pedro på øya Isla Bonita, ei oppdikta kanariøy. Det første Carlo legg merke til, er den dansande jenta i hamna, og han tenker at dette er noko anna enn heime i Haugesund. Det blir likevel ikkje slik Carlo hadde håpa: «Veit ikkje betre. Aner ikkje at denne vesle øya langt ute i Atlanterhavet vil forandra livet hans for alltid. Om fem dagar vil alt vera annleis».

Leilegheita mora har leigd, har verken nettdekning eller fire sengeplassar. Han vil ikkje sove med mora i dobbeltsenga, men finn ut at han kan vere på takterrassen. Mora hans er heller ikkje heilt vanleg, ho kler seg i flagrande og fargerike klede, og Carlo synest ho oppfører seg litt vel spesielt, verken ansvarleg eller særleg fornuftig. Ho går i gang med eit stort kunstprosjekt. Carlo har aldri hatt kontakt med faren sin, men mora fortel at det var her på øya han blei unnfanga.

Den dansande jenta viser seg å vere norsk sjølv om ho kallar seg Julieta, og Carlo liker ho veldig godt. Han er ein streit kar, og veit slett ikkje kva han skal gjere då Julieta ber han om å passe på ein pose som inneheld marihuana. På politistasjonen oppdagar han at ho er meld sakna, og Julieta er blitt borte. Kan ho vere kidnappa eller på flukt?

Samstundes kjem det ein båt full av flyktningar til øya. Då Carlo er ute og joggar, treffer han på ein ung gut som har gøymt seg og bed om hjelp. Han får vatnet Carlo har med seg. Eit par dagar seinare har Carlo med seg vatn og mat, men finn ikkje flyktningen. Då han skal gå, ser han ein død mann på stranda.

Det dreg seg mot den årlege, store hippifesten, og mange folk kjem til øya. I dette kaoset skal Carlo finne ut kvar Julieta er blitt av, og kven dansken med bongotrommene er. Og kva med den tyske nudisten og joggedama på stranda? Kva er det han har vikla seg inn i? Og han har lite tid, snart er ferien slutt.