Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anne Gunn Halvorsen: Stress og korleis leve med det. 9 historier, 14 tips.

I 2006 fekk ein seniorrådgivar ved Universitetet i Oslo ein telefon frå ein kjemiprofessor frå NTNU. Professoren var bekymra fordi mange kvinnelege studentar var svært opprørte over å få karakteren B på eksamen. Dei plaga studentane hadde ikkje berre eit mål om å fullføre studia sine. Dei ville ligge i tet. Det var dette dei identifiserte seg med. I starten var dette eit jenteproblem, men etter kvart ser ein at gutane kjem etter. Mange unge i dag bygger identiteten sin rundt det å vere best. Når dei ikkje lenger er best, får dei seg ein narsissistisk smell. Kven er dei, når dei ikkje er best?

Journalist og forfattar Anne Gunn Halvorsen har skrive ei lita sjølvhjelpsbok om det norske stresset i vår samtid. Ho har intervjua ni vaksne menneske som på ulike måtar har opplevd at stress har gjort dei sjuke, søvnlause og deprimerte. Det dei har opplevd, har ført til at dei har tatt grep i liva sine for å handtere stresset. Nokre har endra livsstil, nokre har endra karriereveg, nokre har funne seg nye draumar og nokre har valt å leggje katastrofetankane og kravet om perfeksjonisme og pliktoppfylling til sides.

Forfattaren har gjennom boka også samtalar med yrkesgrupper som har stress og handtering av stress som eit av sine spesialfelt: professorar, rådgivarar, psykologar og instruktørar i meditasjon. Boka gir ei fysiologisk forklaring på kva som skjer i kroppen vår når vi blir stressa, kva faktorar som kan vere med på å trigge stress, og kva konsekvensar det kan ha for oss om vi er stressa over lengre tid. Boka gir også råd og tips til kva som kan hjelpe oss å forebygge og motverke å bli sjuke av stress, som å dusje når ein kjem heim frå jobb, velje med hjartet, få nok søvn, vere snill mot seg sjølv og bruke meir tid på å glo tomt ut i lufta.

Boka er eit takknemleg tilskot til tilfanget av nynorske faktabøker som også kan passe for ungdom, og fleire av sekvensane i boka vil passe godt inn i det nye emnet i den nye læreplanen: Livsmeistring og folkehelse. Mange av døma i boka er historier som ungdommar lett kan kjenne seg att i, og ei rekke av råda frå fagpersonane er gode råd for å forebygge stress i ei ungdomstid som ofte kan vere farga av krisescenario og dårleg sjølvbilete. Vi blir serverte livsvisdom av typen: Livet kan gå heilt fint sjølv om du ikkje står på eksamen. Ofte får ikkje ting så store konsekvensar som ein skulle tru.

Anne Gunn Halvorsen gav i 2017 ut boka Livet og korleis leve det. Begge bøkene er skrivne etter same mal. Også denne boka kan passe godt for elevar i ungdomsskule eller vidaregåande.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker