Christine Ponsard og Jean-Francois Kieffer: Evangeliet for barna

Evangeliet for barna inneheld 50 forteljingar frå Det nye testamentet, i teikneserieform. Illustrasjonane har ein gjennomarbeidd strek i klare fargar, og språket er kvardagsleg og lett å lese. Læreplanen i KRLE seier at elevane mellom anna skal fortelje om innhaldet i sentrale tekstar frå evangelia si framstilling av Jesu liv og arbeid i Det nye testamentet. Denne boka er fin å bruke som utgangspunkt for samtale.