Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Atle Berge: Puslingar

«Folk som ikkje klarer å gløyme, er uuthaldelege. Folk vil gløyme, må gløyme, slik nasjonen må gløyme, for å halde ut seg sjølv», tenker Marita i slutten av romanen. Det er lettare tenkt enn gjort. Ho har nettopp starta på studia for å bli oljeingeniør. Draumen frå ho var lita jente har gått i oppfylling. Ho har likevel svært vanskeleg for å slå seg til ro. Ho insisterer på at årsakene til Alexander Kielland-ulykka i 1980 skal kome for ein dag.

Romanen startar hos ein liten familie i Nordhordland. Far Jonny arbeider i Nordsjøen, mor Astrid er billettør på ferjekaia, og Marita er skolejente på åtte år. Hendingane tar til den dagen Alexander Kielland-plattforma kantrar og Jonny blir borte .

Vi møter Astrid si fortviling over å ikkje få vite noko om Jonny, og kor vanskeleg det er for ho å snakke med Marita om det. Trygve, kompisen til Jonny, overlever. Marita må leve med alle spørsmåla ho ikkje får svar på, ho overhøyrer mange spekulasjonar over kva som har hendt. Ho set sin lit til at Jonny skal bli funnen når dei får snudd plattforma, men slik går det ikkje. Men Marita har bestemt seg, ho skal bli ingeniør.

Då Marita er femten, er ho forelska i tre år eldre Vegard som går på yrkesskolen. Først når ho tar mot til seg og kyssar han, fortel han at han er kjærast med Karoline. Denne krisa fører ho til biblioteket for å låne bøker om Alexander Kielland-ulykka. Ho låner fleire, og fordjupar seg, «fordi det er nødvendig». Ho vil finne ut kva som hende med faren. Astrid forstår ikkje kvifor ho må grave i dette, faren er jo død. Astrids replikk er gjerne: «nei, no snakkar me ikkje meir om dette her».

Kvardagen til Astrid og Marita har vore ein unntakstilstand i mange år: «den slam-seige sorga og uroa som klistra seg til alt som hende, vart sagt og tenkt i dette huset». Det er vanskeleg for dei to å snakke saman, å forstå og tolerere kvarandre. Forholdet blir sett ytterlegare på prøve den dagen Einar flyttar inn.

Marita strevar for å få gode nok karakterar til å først komme inn på vidaregåande og deretter på universitetet. Gutane i klassen seier: «Me treng ikkje utdanning. Me ska jobba offshore eller på Mongstad». Vegard arbeider på Mongstad, men trivst ikkje. Han vil heller vere bonde. Farfaren til Marita døyr, og Vegard er den som støttar ho. Ho tenker: «I barndommen hadde det liksom ikkje vore plass til noka anna sorg, ingen annan angst, enn uro over at pappa var borte».

Marita tar kontakt med Trygve. Han ser svært ustelt ut, er prega av ulykka fleire år etter. Men han fortel kva som hende med Jonny den gongen. Marita er full av pågangsmot, ho har ikkje tenkt å gje seg før dei har kome nærare eit svar på kva som verkeleg var årsaka til ulykka. Trygve og ho blir intervjua av Bergens Tidende, og Marita har store forventningar til det intervjuet. Men då det endeleg kjem på trykk, blir ho skuffa.

Atle Berge har skrive ein god, aktuell og engasjerande fiksjon med utgangspunkt i ei verkeleg hending. Romanen er ikkje sentimental, men viser godt fram korleis denne ulykka fekk konsekvensar både for den vesle familien og for heile bygdesamfunn. Berge har inngåande kunnskap om ulykka og granskinga, og romanen er velskriven. Tittelen har Berge lånt frå opninga av Alexander Kiellands roman Garman og Worse (1880): «Intet er så rummelig som havet, intet så tålmodig. På sin brede rygg bærer det lik en godslig elefant de små puslinger som bebor jorden; og i sitt kjølige dyp eier det plass for all verdens jammer.»

For romanen Puslingar blei Atle Berge den første vinnaren av LOs litteraturpris. Prisen har som formål å fremme god arbeidarlitteratur.

Intervju med Atle Berge i Bok i P2

Utdrag frå boka

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker