Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ane Barmen: Draumar betyr ingenting

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no: Undervisningsopplegg til Draumar betyr ingenting

Hovudpersonen Louise er 17 år og kjem frå ei lita bygd på Vestlandet nokre timars biltur frå Ålesund. Ho har nyleg mista ungdomsvenen og kjærasten sin, og flyttar til Ålesund for å gå på ny skule for å kome seg bort frå dei vonde minna. I boka er Louise heime igjen for å gå i gravferda til mormor. I gravferda kjem alle minna om Tormod tilbake.

Storesystera Isa tipsar om sommarjobb på sjukeheimen, og motstrevande går Louise dit på intervju. Ho får jobb på dagen, og er passeleg fornøgd med tipset til systera. På sjukeheimen blir ho kjend med Karen som ho av og til misunner fordi ho ikkje hugsar at besteveninna er død. Ho sjølv klarar ikkje å gje slepp på tapet etter Tormod, som døydde brått frå ho for halvtanna år sidan.

Barndomsveninna Linni dreg Louise med på fest, og der møter ho den kule Ville som er råflink til å danse swing. Men framleis drøymer ho om Tormod, og klarar ho å gje slepp på han?

Omslaget på boka er av ein blekksprut. På veggen til Louise heng framleis alle gebursdagskorta som Tormod har teikna. Dei er alle av blekksprutar, noko som Tormod hadde ein lidenskap for. Boka er skriven i eit ungdommeleg språk med ord som vors, men samstundes brukar forfattaren trauste ord som såte om skildring av håret til veninna.

Draumar betyr ingenting er debutromanen til Ane Barmen (f. 1984) som kjem frå Vågsøy i Sogn og Fjordane. Ho har gått på Gyldendals skriveskule, og ho er utdanna skodespelar og musikkvitar. Boka er fiksjon, men Barmen fortel til Fjordenes Tidende at ho også har henta inspirasjon frå eige liv. Ho har også budd på hybel og mista ein god ven då ho var ung. Det er nok mange unge som vil kjenne seg att i noko av det som hovudpersonen opplever: vennskap, kjærleik, sorg, den første sommarjobben og å drikke seg full.

Boka passar for elevar i vidaregåande skule, men kan også lesast med interesse for elevar på 10. trinn og unge vaksne. Boka, eller utdrag av den, kan gjerne brukast i undervisning på vidaregåande.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker