Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Åsmund H. Eikenes og Eivind Gulliksen: Knokedunk

Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Knokedunk. Tverrfagleg undervisingsopplegg for barnetrinnet 1.–4. i norsk, naturfag og kroppsøving.

I løpet av ein dag kan moldvarpen grave tunellar som er like lange som to skulebussar – opp mot 30 meter.

Moldvarpen har ein ekstra finger som hjelper til med gravinga.

Hendene er viktige verktøy for både menneske og dyr. Med armane kan vi klore, klatre, grave, symje og fly. Dei ser nokså forskjellige ut, og vi kallar dei potar, klør, loffar, klauver eller venger. Dersom vi ser inni dei, når vi ser på korleis der er bygde opp, kan vi sjå at dei liknar kvarandre.

Knokedunk er ei gjennomillustrert, populærvitskapleg faktabok om korleis hendene til forskjellige dyr ser ut, og kva dei brukar hendene sine til. Boka har ei enkel rammeforteljing om ein liten gut som filosoferer over alt han kan gjere med hendene sine, og vil finne ut kva andre dyr kan gjere med sine. Guten er gjennomgangsfigur i boka, og er til stades saman med dyret som blir presentert i kvart oppslag. Han gjer stort sett gjer den same aktiviteten som dei ulike dyra, men guten treng reiskapar som klatreutstyr, spade, hengekøye og kniv.

Det mest spennande med boka, er kanskje teikningane som viser eit tverrsnitt av skjelettet til dei ulike dyra sine hender. Vi får sjå eit korleis skjelettet ser ut inne i potane til tigeren, vengene til flaggermusa og loffane til selen. Vi kan sjå at det inne i vengen til flaggermusa og inne i framfoten til elefanten skjuler seg eit skjelett med fem fingrar. Skjelettet er bygd opp av knoklar som vi kan telje. Vi talde alle dei 30 knoklane i armen til guten.

Barnet i boka er nysgjerrig og utprøvande. Teikningane og døma som blir brukte, svarer på guten sine filosofiske spørsmål. Dei er informative, humoristiske og krydra med artige fakta som gjer at ein får lyst til å lese meir om både dei ulike dyra og om hendene deira.

Åsmund H. Eikenes har gitt ut Handboka, ei faktabok om hender, skriven for vaksne. Dette er barneutgåva om temaet.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

6–9
Frost
3–6
3–6
9–12