Rune Belsvik: Fugleguten

Illustrert av Sigbjørn Lilleeng

«Lukas trur at mamma er mest glad i veslesøster Alma. Og når Lukas ikkje oppfører seg, må stakkars pappa kjefta på han. Den fæle Lukas. Det er alltid noko med Lukas.

Heller ikkje bestevennen Nico er alltid så grei. Men ein dag møter Lukas ein annan gut. Han har eit heilt spesielt kjæledyr. Ei svart kråke.

Kva er det med denne guten? Og kva skjer om Lukas òg får seg ein fugl? Vil alt bli annleis då?»

Vi kjenner att Belsvik sine ord, skildringar og setningar frå tidlegare bøker. Han skriv lettfatteleg og nært om allmennmenneskelege tema som utanforskap, redsel, kjærleik, misunning, draumar og glede. I Fugleguten let forfattaren oss bli kjende med det indre livet til ein gut på kanskje 8-9 år, og korleis han oppfattar seg sjølv og livet han lever. Vi er tett på kvardagslege hendingar og gjenstandar, og desse kjenslene som det ikkje er så lett å snakke om. Om å finne sin plass i samspelet med familie og venner. Om det mørke og det lyse, gode og vonde. Samvit og skuld. Er eg eigentleg snill? God nok?

Illustrasjonane har ein tydeleg svart strek på kvit bakgrunn og nære og attkjennelege både i hendingar, samspel og kjensleliv.

«Fugleguten» er ei bok som høver godt til høgtlesing for målgruppa 8–11 år, men også med utbyte av den vaksne lesar.

Utdrag frå boka: