Bok på 1-2-3: Reisa til verdas farlegaste land

Simen Hagerup si gjendikting av Malte Perssons Reisa til verdas farlegaste­ land tek oss med til ei verd med både sjøuhyre, troll, spøkelse og andre skumle vesen. For å kome deg fram til slottet må du gjennom skogen, med alle slags prøvingar. Dei makabre, men humoristiske illustrasjonane til Rui Tenreiro støttar godt opp om teksten. Her er akkurat nok grøss og gru til at nakkehåra reiser seg, men ikkje verre enn at du får sove om kvelden.

Boka


Dersom du vil ha boka på papir, finn du henne på sida til forlaget Skald: Reisa til verdas farlegaste land. Dei kan dessutan tilby rabatt på klassesett.

Undervisningsopplegg

Last ned undervisningsopplegg for 4.–7. trinn i faget norsk.

Undervisningsopplegg (PDF)

Tilleggsressursar