Aina Basso: Ungen

Opplegg til boka:
Undervisingsopplegg om romanane til Aina Basso:
For vidaregåande skule

Ungen startar in medias res, vi møter ein unge som småsutrar og ein eg-person, Anna, som fortel. Snart kjem Pauline med ei vogge, og dei to damene snakkar om å ta imot ein unge til. Slik blir historia om Anna og Pauline og verksemda deira med å ta seg av pleiebarn etablert. Historia er lagd til 1899 i Kristiania, og forteljinga vekslar mellom nåtid og hendingar i fortida.

Vi får eit tilbakeblikk frå då Anna og Pauline arbeidde saman på Hjula veveri. Basso skildrar livet på fabrikken godt, med innleving og på ein truverdig måte. Ho fortel om lange arbeidsdagar, farleg arbeid og usikre arbeidstilhøve. Heime har jentene dårleg og lite mat, og dei bur i små, kalde og fuktige heimar og har dårlege hygieniske forhold. Med det følgjer hosting og redsla for å bli smitta av tæring. Draumen er eit godt ekteskap og reine og friske barn, men verkelegheita er ei anna. Her møter vi menn som sviktar og etterlet jentene aleine med uønskte graviditetar og spørsmålet om å ta ulovleg abort.

Miljøet og problemstillingane kjenner vi att frå Oskar Braatens skodespel Ungen frå 1911. Men der Braaten skildrar Hønse-Lovisa som tar seg av ungar og mødrer med omsorg og varme, skildrar Basso ei kynisk verksemd der kvinner tar imot barn for å tene pengar. Barna får eit minimum av stell og mat, og mange av dei døyr. Basso låner namna til kvinnene som var tiltalt i ei stor barnedrapssak som kom for retten i 1901, «Pleiemødre-Sagen», der seks kvinner var tiltalt for å ha tatt livet av over tjue barn. Men sjølve forteljinga er fiksjon, ikkje sakprosa.

I starten er ikkje dette ei lett verksemd å drive med for Anna. Ho har sjølv blitt svikta av barnefaren som valde ei jente med ein stor gard, og ho har mista sine eigne to barn. Pauline insisterer på at dei to må ta imot ungar for å tene pengar, og kjem heim med stadig fleire.  Anna mistar gradvis motførestillingane sine, og då ein av ungane døyr, er det ho som foreslår at dei skal vente nokre dagar med å fortelje det, slik at dei får pengar for neste månad også.  Ho er seinare med på å gje ungane konjakk og nafta, og å legge ei pute over andletet deira. Ein unge blir drukna. Det er mykje arbeid med ungane, og det er vanskeleg å takle sjukdom og skitne bleier, og vanskeleg å få nok nattesvevn. Ungane må ikkje skrike, for då kan naboane finne ut kva dei driv med. Ei utfordring er korleis dei skal bli kvitt dei små lika. Den gode venskapen mellom Anne og Pauline blir sett på ei kraftig prøve.

Aina Basso har god historisk kunnskap, og ho skildrar slik at vi får ei forståing for situasjonen til jentene og grunnane til at dei såg seg nøydde til å starte opp verksemda som pleiemødrer. Anna kom sjølv frå ein heim utan kjærleik, og har opplevd svik, død og arbeidsløyse, og ho tar ungar i pleie for å overleve sjølv.

Bok i P2: Intervju med Aina Basso om Ungen i 2019

Oskar Braaten: Ungen 1911

Artikkel av Aina Basso: «Englemakerskene»

Utdrag frå boka