Bok på 1-2-3: Jakob og Neikob og det tomme rommet

Jakob og Neikob er bestevenner og bur i lag i eit høgt hus. Jakob bur i første etasje, og Neikob bur i andre. Men på loftet er det heilt tomt.

På ein humoristisk og underfundig måte formidlar forfattar og illustratør Kari Stai kvardagslege situasjonar også små barn kan kjenne seg igjen i. Boka eignar seg svært godt til høgtlesing. I tillegg inviterer forteljinga til samtalar kring tre av dei verkeleg store spørsmåla i livet: vennskap, forsoning og ikkje minst jul.

Boka

Undervisningsopplegg

Last ned tverrfagleg opplegg for 1.–4. klasse i faga norsk, samfunnsfag og musikk:

Undervisningsopplegg (PDF)

Tilleggsressursar