Sigri Sandberg: Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse

Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg åleine til ei veglaus hytte på Finse vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel. I boka reflekterer Sigri rundt kjenslene som endrar seg etter som dagslyset kjem og fer og kjem igjen, dei fem dagane ho er åleine på hytta.

I tillegg vert andre forteljingar vovne saman med Sigri sine. Vi får møte Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934. Skildringar av det overveldande første møtet med den arktiske mørketida, nærleiken til naturen i den tronge fangsthytta, gleda over nordlyset og seinare den alltid lyse arktiske sommaren, fortel om sterke menneske og røff natur. Sandberg har sjølv budd på Svalbard og gjev lesaren innsikt i korleis livet der kan vere.

Med eit lett og ledig språk flettar forfattaren også inn fagstoff om ei rekkje tema som er knytte til mørke og kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner og svarte hol, men også om himmellover og kampen for nattehimmelen. To tredelar av nordmenn bur no slik at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen, og det vert stadig fleire gatelykter, utelys og skjermar. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss menneske, med dyra og alt som lever? Kanskje er mørket mykje viktigare enn vi trur?

Utdrag frå boka: