Agnes Ravatn: Dei sju dørene

Dei sju dørene er både ei slektshistorie og ein roman om etterforskinga av ei forsvinning. Hovudpersonen er litteraturprofessor Nina Wisløff, som er trøytt av å undervise uinteresserte og uvitande studentar. Ho seier derfor i ein paneldebatt at litteraturvitarar burde arbeide i politiet, fordi dei er så gode til å fokusere på detaljar og gode til å finne samanhengar. Denne utsegna vekker merksemd, og det fører ho sjølvsagt inn i eigne undersøkingar då ei ung kvinne forsvinn.

Nina er gift med lege og byråd for helse, Mads Glaser, og dei har ei dotter Ingeborg. Ho er også lege, er gift med Eirik, og saman har dei dottera Milja. Ingeborg og familien er på leit etter nytt hus, og ho kjem i tankar om det gamle huset familien har arva etter tante Lea. Problemet er berre at der alt bur nokon, den tidlegare fiolinisten og aleinemora Mari. Ein dag møter Ingeborg og Nina opp på trappa og bed om å få sjå seg om i huset. Det passar dårleg for Mari, men Ingeborg ensar ikkje innvendingane hennar og trampar inn. Ingeborg manglar kjensle for situasjonen, og hiv nærast Mari ut. To dagar etter har Mari flytta ut, og ingen veit kvar ho blei av. Dagen etter blir ho etterlyst i avisa.

Nina kjenner på skuldkjensla for at dei tvinga seg på, og samstundes er ho nysgjerrig på kva som har hendt. Det står igjen ein kasse etter Mari, og denne blir Ninas unnskyldning for å ta kontakt med både Niklas Bull, eks-mannen til Mari, og foreldra hennar. Ho oppsøkjer arbeidsplassen til Mari og rotar rundt og spør og grev om alt mogleg. Nina trenger seg på hos folk og blandar seg inn i saker som ho ikkje har noko med. Men ho meiner politiet gjer for lite.

Det kjem fram at eks-mannen ikkje er far til barnet til Mari. Nina viklar seg inn i alle moglege eventyrlege tolkingar og freudianske teoriar, ikkje minst av Bartok-operaen Riddar Blåskjeggs borg som Niklas har dirigert som ei helsing til Mari. Alt dette må då bety noko? Ho konsulterer veninna og svigerinna Kaia som er psykolog, og ho konkluderer med at forsvinninga må botne i «eit mannleg raseri over å bli bedradd».

Sjølve forsvinningsgåta løyser seg etter kvart utan så mykje hjelp av Nina sine tolkingar. Nina må innsjå at litteraturvitarar ikkje eignar seg som etterforskarar, og Kaia seier: «Du er jo eit nydeleg eksempel på kvifor litteraturvitarar nettopp ikkje bør inn i politiet. De ville ha snurra dykk inn i det eine høgkulturelle sporet etter det andre, mens den openberre løysinga heile tida låg rett framfor snuten på dykk». Flokane innan familien held fram, og byr på nye løgner og overraskingar både ein og to gonger. Til og med ein overraskande slutt.

Historia strekker seg frå midten av november til nyttår. Forteljinga har eit godt driv, det er både spennande og humoristisk. Ironiseringa over bergensfiffen og kultureliten er på godt Ravatn-vis.