Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Rotraut Susanne Berner: Leit og finn i Vrimleby

Vinter – vår – sommar – haust

Klassikarane med dei detaljrike teikningane av alt som skjer i Vrimleby, er tilbake. No i eit hendig format for lesing på fanget eller i små grupper. Teikningane er dei same som før, men nytt i denne utgåva er eit felt nedst på oppslaga med nokre av teikningane og orda attmed. På denne måten vert det enklare å snakke om teikningane og å bruke nye og andre ord enn ein kanskje kjem på sjølv. Bøkene har kartongsider og kan godt lesast for, og brukast av, små born. Med den nye ordbokdelen nedst på sida er bøkene aktuelle også for større born og vaksne som skal lære norsk.

Den første sida i kvar bok, kvar årstid, presenterer personane og inviterer til å starte ei historie og følgje dei vidare gjennom året i Vrimleby. Ein kan følgje personane frå side til side og gå på leiting i lag etter ballongen som glapp ut av handa, sjå kva slags utrykkingskøyretøy som kjem til den brennande bilen, kva som er inni den store blå presangen og mykje, mykje meir. Dette er bøker som ein kan lese igjen og igjen og likevel finne noko nytt å snakke om.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6