Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Erna Osland og Camilla Engman: Du og eg

Ho gjorde eit hopp.
Hopp, hopp, så øyra flagra.
Han hoppa etter, han kunne ikkje la vere.
Ho hadde så vedunderlege øyre!

Du og eg handlar litt om ein skummel rev, ein langbeint elg og den store, vinterkledde skogen. Men mest handlar boka om to harar som finn kvarandre, og som finn julefred.

Teksten til Erna Osland er kortfatta, poetisk og forteljande, og står svært godt saman med illustrasjonane til Camilla Engman. Dei duse fargane og det enkle uttrykket er på ingen måte kjedeleg, men vekslar mellom det milde og snille og det skumle, med mange humoristiske detaljar.

Dette er ei perle av ei biletbok.

Utdrag frå boka

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6