Bok på 1-2-3: Frosken om vinteren

Tverrfagleg opplegg for 1.–4. klasse i faga norsk, kunst og handverk og musikk. For dei eldste elevane kan boka verke litt barnsleg, men tematikken er like relevant. For dei passar det avanserte vennskapsbandet best.

Undervisningsopplegg (PDF)

Boka

Det er vinter, og frosken frys. Han har ikkje fjører eller pels slik som vennene anda og haren, men når han dett i snøen, er det vennene som tek seg av han gjennom dei lange vintermånadene. Etter kvart finn frosken ut at vinteren går an, særleg når han veit at våren ikkje er langt unna.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket