Hilde Myklebust og Akin Duzakin: Ylva og villgeitene

Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ved havet. Men dei er ikkje åleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. Det same gjer ørna.

Ylva er ei handlekraftig jente som liker og kan å røre seg i naturen. Ho veit kva som er viktig for ho. Då ho leikar i trea og på slettene ved sommarhuset, oppdagar ho noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine?

Bodskapen som gjeng att i Myklebust sitt forfattarskap er nærleiken, samspelet og relasjonar mellom menneske, dyr og natur, skildra i eit bygde- og distriktsmiljø. Ylva og villgeitene fortel om ein varm, tydeleg og støttande far og dotter-relasjon som motiverer til å ta vare på og skape godt for seg og økosamfunnet.

Boka har ei jamn fordeling mellom skrift og bilete, som også gjev rom for eigne tolkingar på ulike nivå. Illustrasjonane er naturlege og har ei roleg overflate med levande detaljar. Akin Duzakin er mellom anna kjent for teikningar og måleri med poetiske, lett naivistiske motiv og tydelege figurar.

Ylva og villgeitene er ei forteljing om å prøve å vere modig når nokon treng hjelp, og å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss. Det er ei nydeleg og poetisk barnebok som i hovudsak høver for dei eldste i barnehagen og dei yngste i grunnskulen, men stemninga og tematikken gjer at eg opplever ho som ei viktig allalderbok i tida vi lever i. Ylva og villgeitene legg seg ettertenksamt inn i verdigrunnlaget av opplæringa som ei spennande historie som vil noko meir. Det vil ikkje forundre meg om dette blir ein favoritt i bokhylla – ei «kan vi ikkje lese ho ein gong til»-bok.