Tor Arve Røssland: Absolutt Pode

Illustrert av Øyvind Torseter

Absolutt Pode er ei samlebok om Pode, familien hans og bestekompisen Anton, i høve Tor Arve Røssland sitt 20-årsjubileum som forfattar. I tillegg til dei fire første bøkene inneheld samleboka også to nye forteljingar om Pode. Og, ikkje minst, det er også med eit eige kapittel om korleis Røssland fann opp universet til Pode, og korleis dei fantasifulle og sprelske forteljingane kom til. Her kan vi også lese om kven som er inspirasjonskjelda for den ufyselege storebroren Pyton, den snusfornuftige og veslevaksne søstera Petra, foreldra deira, og dei andre karakterane i bøkene.

Eit avgrensa persongalleri, humor og korte kapittel gjer bøkene overkomelege å lese åleine for leseglade 10-åringar. Det er likevel som høgtlesingsbøker for 6–10-åringar desse bøkene er aller mest eigna.

Boka inneheld:

Pode
Seksåringen Pode må ete opp middagen sin for at det skal bli fint vêr dagen etterpå.

Podekast (ny)
Pode risikerer livet når turistsjefen vil underhalde gjestene på ferie til Guatemala.

Pode mister fotfestet
Kva skjer når ein mister fire framtenner samstundes?

Anti-Pode
Pode feirar jul.

Pode får snue
Pode får høysnue, og i tillegg er nokon etter han.

Da Vinci-Poden (ny)
Pode er i naud på eit kunstmuseum, men får uventa hjelp.

Utdrag frå boka: