Dette er eit tofagleg opplegg for 5.–7. trinn og 8.–10. trinn i faga norsk og samfunnsfag. Med utgangspunkt i boka Brevet frå krigen arbeider vi med nokre sentrale hendingar i den andre verdskrigen i Noreg. Vi skal også sjå dei i samanheng med verdigrunnlaget i LK20, der menneskeverdet, demokrati og medverknad er sentrale punkt.
I 2020 er det 75 år sidan frigjeringsdagen. Jubileet ville vanlegvis blitt markert med minnearrangement med mykje folk, flagg, talar og musikk. Sjølv om det ikkje let seg gjere å samle mykje folk denne våren, kan ein markere frigjeringa med å arbeide med boka. Brevet frå krigen er eit godt utgangspunkt for å snakke om menneskesyn og tidlause verdiar som vennskap og omsorg.
Opplegget er laga for heimeskule, men kan også gjennomførast i klasserommet.
Tidsramme for opplegg for heimeskule: Tre økter à 30–40 minutt
Økter for 5.–7. trinn
Første økta
Andre økta
Tredje økta
Økter for 8.–10. trinn
Første økta
Andre økta
Tredje økta
Formål
Norsk etter 7. trinn
- lese lyrikk, noveller, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
- Utforske og skildre samspelet mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer og lage eigne samansette tekstar
Norsk etter 10. trinn
- lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk (…) og reflektere over tekstane sitt formål, innhald, sjangertrekk og verkemiddel
- lage samansette tekstar og grunngje val av uttrykksformer
Samfunnsfag etter 7. trinn
- reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar
- utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
- drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
Samfunnsfag etter 10. trinn
- gjere greie for årsaker til og konsekvensar av sentrale historiske og notidige konfliktar og reflektere over om endringar av nokre føresetnader kunne ha hindra konfliktane
- gjere greie for årsaker til og konsekvensar av terrorhandlingar og folkemord, som holocaust, og reflektere over korleis ekstreme haldningar og ekstreme handlingar kan førebyggjast
Tilleggsstoff
- Framtida junior sin skrivekonkurranse «Skriv ein 17. mai-tale», med frist 8. mai 2020
- Artiklar i Allkunne.no om andre verdskrigen i Noreg
- Trailer til filmen «Flukten over grensen» (9 års aldersgrense)
- Filmen «Kongens nei» ligg på NRK TV
- Framtida.no: Tvillingane som var brevduer for heimefronten
- Framtida.no: Om teaterstykke om livet på Grini fangeleir