Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anders Totland: Lepra

Illustrert av Martin Ernstsen.

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 6–16)

Lepra er ein frittståande oppfølgjar til Nattmannen og Den norske slavehandelen. I denne boka får vi høyre dramatiske historier frå tida då spedalsksjuka herja i Noreg.

På starten av 1800-talet var det naud i landet, og den låge levestandarden gjorde at mange som elles kanskje ikkje hadde utvikla sjukdommen, no vart dårlege. Spedalsksjuka skaka heile bygdesamfunn og slo beina under dei uheldige familiane som vart råka. Hadde ein først fått hudsjukdomen, var det synleg for alle, og ingen ville ha noko med dei smitta å gjere. Dei sjuke hadde forbod mot å gifte seg og få barn, og dersom nokon i familien vart sjuk, var skamma stor. Det vart oppretta lepra-sjukehus fleire stader i landet, og i boka kan vi lese meir om tilhøva ved nokre av desse institusjonane.

I dag verkar det heilt utenkjeleg. Ved hjelp av effektive tiltak og moderne medisin er det mange år sidan den siste spedalske i landet døydde. Det er likevel nokre liner vi kan dra heilt fram til vår tid, som utvikling av kunnskap rundt smittevern, isolasjon og utprøving av vaksiner.

Boka høver godt for dei over 10–12 år som likar å lese dramatiske og uhyggelege historier frå verkelegheita. Dei teikna illustrasjonane gjer det likevel ikkje altfor skummelt.

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
ungdomsbøker