Eili Harboe: Tre meter med kniv

I Tre meter med kniv møter vi Lykke som går i 9. klasse. Varmt og nært følgjer vi henne inn i skulegang, forelsking, familierelasjonar, vennskap og ungdommeleg utprøving på usikre bein. Vi blir kjende med familien til Lykke – med fostersystera Lena, med ei ustabil mor, med mormor og med far som stabiliserer og held saman. Det handlar om vinteren og våren og det å vakne, det handlar om oppvekst, ein smeltedigel av ulike kulturar og bestevenninna Ceyda i hijab. Vi følgjer ungdommane ute på stader der dei samlast, på marker og enger, ved sjøen, oppe ved tårnet, i jentedusjen og i svømmehallen, der Simeon finst. Er han snill? Det handlar om utforsking og utprøving, alkohol, gryande seksualitet. Det handlar om å vere på terskelen mellom barn og vaksen, det handlar om å sense korleis det står til med mora den dagen, og om å alltid vere på vakt.

Skifte i teksten er markerte med titlar på musikkspor som byggjer opp under handlinga. Når mor er på det mest gale: Kate Bush, «Mother stands for Comfort».

Finst tryggheita i armane til Simeon, i ein ullgenser, i mormorstrikk som luktar rundstykke, grønsåpe og gammal-dame-parfyme, eller kanskje eit glas peanøttsmør med ein lapp frå mor der det står: Til Lykke (med skei)?

Romanen høver sjølvsagt godt for elevar på 9. trinn, men òg for litt eldre ungdommar.

Utdrag frå boka