Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: Sinne

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 48–57)
Her finn du intervju med forfattar Ann Helen Kolås Ingebrigtsen.

Synne er 15 år og går siste året på ungdomsskulen. Ho har ein ADHD-diagnose som ho prøver å halde hemmeleg for klassekameratane, og har lært seg teknikkar for å halde kjenslene og reaksjonane i sjakk når det byrjar å koke. Rett som det er endar det likevel med bråk i klasserommet og besøk hjå rådgjevaren. Synne strevar med forholdet til alle rundt seg, både foreldra og broren, besteveninna Torunn, influensaren Kine og ikkje minst Johan, den kjekke nye guten i klassen. For å kome ut av den vonde sirkelen må ho våge å stå fram som den ho er.

Sinne er debutboka til Ann Helen Kolås Ingebrigtsen. Ho er lærar på vidaregåande skule, og det er tydleg at ho kjenner både sjargongen og kulturen hjå tenåringane godt. Tematikken er klassisk, med vekt på forelsking, venskap, sjalusi, utprøvande rus og vaksenopposisjon. Omtalen av Synne sine ekstra ADHD-utfordringar, med tilhøyrande medisinering, er detaljert og truverdig. Her ser det ut som forfattaren har særleg spisskompetanse.

Boka kan høve for elevar på ungdomstrinnet. Ho er lettlesen og har ein tematikk som er aktuell for denne aldersgruppa. Særleg verdfull er den nære skildringa av korleis ADHD-problem kan gi ekstra utfordringar, både for den som slit med dette sjølv, men også for alle rundt.

Utdrag frå boka

 

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12