Bok på 1-2-3: Bokstavsommaren

Tverrfagleg uteopplegg på 90 minutt for 1.–2. klasse i faga norsk, naturfag og kunst og handverk.

Undervisingsopplegg (PDF)

Styrk vil snorkle, men da må nokon passe på han.
Det blir Zara, veslesøstera hans.
Ho er for lita til å snorkle,
men stor nok til å halde auge med broren.
Som lønn skal ho få ein skatt kvar dag.
Skatten skal komme frå havet
og begynne på ein ny bokstav kvar gong.

Erna Osland har på oppdrag frå Nynorsksenteret og Lesesenteret skrive ei samling med bokstavtekstar. Bokstavsommaren innbyr til samtalar om det du finn i fjøra, og til leik med bokstavar, lydar og ord. Du kan ta med boka ut på tur om du vil, og skrive ut illustrasjonane og hengje dei opp inne eller ute.

Tekstane kan lesast som ei samanhengande forteljing, men det er òg mogleg å lese dei ulike bokstavforteljingane frittståande. Bokstavsommaren kan godt brukast til temaarbeid om dei ulike bokstavane ein vil introdusere eller repetere. I kvar tekst er det ekstra mange ord som byrjar på bokstaven for denne teksten.

Boka

Nynorsksenteret.no kan du laste ned boka til utskrift eller høyre innlesne utgåver av alle tekstane.