Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Jon Fosse: Det andre namnet

Det andre namnet – Septologien I–II er dei to første av sju delar i Jon Fosse sitt nye verk. Det vil til saman kome tre bøker, der den andre boka, Eg er ein annan, kjem i 2020, og den siste, Eit nytt namn, kjem i 2021.

Biletkunstnaren Asle bur fjordbygda Dylgja, nokre timar frå byen Bjørgvin. Kona Ales døydde for nokre år sidan, og Asle bur aleine. Det er vinter, advent og kort tid til opninga av den årlege utstillinga hans i Galleri Beyer. Naboen Åsleik kjem innom med pinnekjøt, lutafisk og ved før jul kvart år, og i byte får han eit bilete som han gir til Systera inne i Bjørgvin. Kameraten og namnebroren Asle, som også er kunstnar, bur i Bjørgvin, og Asle uroar seg for kameraten i Bjørgvin som drikk for mykje.

Ein dag i adventstida dreg Asle til Bjørgvin for å førebu utstillinga i galleriet. Då han på ettermiddagen kjem heim, kjem dei ei uro i kroppen hans, han blir uroleg for kameraten og namnebroren Asle, som han har latt vere å besøke. Asle køyrer tilbake til Bjørgvin i snøveret, og finn kameraten liggande full, forkomen og nedsnødd utanfor bustaden sin. Asle hjelper kameraten til sjukehuset og tek med seg hunden tilbake til Dylgja.

Sjølv om menneska i boka kan vere inneslutta, distanserte og irriterte, viser dei kvardagslege handlingane deira både varme, kjærleik og omtanke: Asle blir uroleg for kameraten. Åsleik brøytar vegen for Asle når det snør. Asle gir Åsleik nokre setlar og nokre posar med varer når han har vore i byen. Asle steiker flesk og egg til begge to. Venner tek seg av kvarandre. Enkemannen kjenner på eit djupt sakn etter den avdøde kona si.

Liva til karakterane i boka blir fortalde både gjennom tilbakeblikk og gjennom ei historie i notida. Det dukkar opp hendingar frå barndomstid og ungdomstid i tankane til forteljaren: Eit ungt, forelska par leikar i snøen på ein leikeplass, to søsken går på farefull ferd i fjøresteinane, ein gut druknar, og ein liten gut blir lokka inn i ein bil av ein eldre mann. I desse skildringane får dramatikaren i Fosse verkeleg skine gjennom.

Hovudpersonen i boka har sterke band til både Gud og kunsten. Fleire stader reflekterer han over kva som er eit godt bilete og korleis kunsten kan uttrykkje lys og mørke, og han søker Gud gjennom bøn og meditasjon. I skildringa av Juleevangeliet på side 133–137 møter det dramatiske, det religiøse og lyset i kunsten kvarande. Denne skildringa er ei vakker, jordnær dramatisering av Juleevangeliet slik vi kjenner det frå Bibelen. Dette utdraget frå boka og det opphavlege Juleevangeliet kan ein også bruke i skulen. Elevane kan få i oppgåve å lese og samanlikne dei to tekstane.

Boka har ikkje eit einaste punktum, og språket er suggererande og gjentakande. Medan ein les, kan ein kjenne seg dradd inn i ein tankestraum. Det eine resonnementet avløyser den andre, og ord og handlingar som stod skrive nokre leddsetningar tilbake, kjem tilbake, igjen og igjen, samtidig som forteljinga skubbar seg fram og opnar seg opp. Det ikkje berre handlinga som er realistisk, språket er det også. Ein kan gje elevane i oppgåve å samtale om dette minner om språket i tankane våre og i daglegtalen vår: Kanskje bind vi ikkje meiningane våre saman med punktum, men med komma og sideordna og underordna konjunksjonar? Slik Fosse gjer i denne boka.

Ein kan tenkje seg skrivestilen til Fosse som vanskeleg tilgjengeleg for elevar i skulen, men ordvalet er påfallande enkelt og kvardagsleg, heilt utan jåleri. Det er få, om kanskje ingen ord i teksten i kategorien framandord.

Denne våren kom den didaktiske boka Jon Fosse i skulen ut. Der kan ein finne fleire tips til korleis ein kan bruke denne boka eller andre av Jon Fosse sine bøker i undervisninga.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker