Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Nils Henrik Smith: 11 meter. Straffesparkets historie

Alle veit at fotball er ein svært populær idrett, med tilhengarar i alle aldrar. Men er det så mange av desse som er så spesielt interesserte at det er marknad for ei heil bok om berre ein ørliten del av spelet, nemleg straffesparket? Svaret er truleg ja. Ikkje minst fordi boka 11 meter. Straffesparkets historie er både godt skriven og underhaldande.

Forfattaren Nils Henrik Smith tar oss med på ein original fotballomgang der han fortel om historia, kranglane, taktikken, psykologien og ikkje minst lagnadane til mange straffeskyttarar og målmenn (som i denne boka er nettopp menn, sjølv om det som kjent blir dømt straffespark også i kvinnekampar).

Boka inneheld mange ukjende, ofte absurde anektdotar om desse skota. Eit skarve spark på ein ball kan få svært uventa og dramatiske konsekvensar, inkludert mord og kollektiv nasjonal rus i dagevis. Forfattaren set også fotballspelet – frå starten i England på slutten av 1800-talet fram til våre dagars globaliserte milliardindustri – inn i ein større samanheng. Han ser til og med visse koplingar mellom politisk system og spelesystem i nokre land.

Boka høver best for ungdom i vidaregåande-alder og vaksne. Ho appellerer sjølvsagt mest til dei fotballinteresserte, men kan også tilrådast for ikkje-nerdar som lurer på kvifor sjølv den beste kan bomme på det 18 kvadratmeter store målet når ballen ligg heilt i ro på 11 meters-merket. Maradona bomma t.d. fem gongar på rad.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker