Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Trude Tjensvold: Bålet

Dyra i skogen ser fram til jonsokfeiringa, og beveren Bella planlegg eit ekstra stort og flott bål i år. Sjølv bur ho i hytta i dammen, eit lite stykke frå beitet i skogen. Bella elskar sommar med bading og bålbygging. Men ho er ikkje særleg glad for at bydyra kvart år kjem for å beite i skogen. Ho likar særleg dårleg grisen Sylte, og det er visst gjensidig. Dei to klarer ikkje å halde fred, men må heile tida slengje ufine kommentarar til kvarandre. Det heile toppar seg jonsokkvelden, med eit altfor stort jonsokbål og ein altfor stor jonsokgrill. Flammane vert for grådige, og alle dyra må samarbeide. Korleis kan dei sløkkje brannen? Er det mogleg å få det fint i lag i skogen igjen etterpå, alle saman saman?

Forteljinga startar med eit oversiktskart over skogen, dalen og dammen, og brukar kort tid frå introduksjonen og til det konfliktfylte møtet til Bella og Sylte. Det er slett ikkje berre harmoni, og det vil vere naturleg å snakke i lag med borna om korleis dyra er mot kvarandre. Boka kan vere eit godt utgangspunkt for å ta opp sosiale utfordringar i barnehagen eller på skulen. Høgdepunktet med jonsokbålet er spennande og til dels skummelt.

Ulikt Tjensvold si førre biletbok, Bo flyttar ut, har ikkje illustrasjonane i Bålet referansar til andre biletbøker. Likevel er det mange visuelle godbitar og detaljar som byggjer opp forteljinga og set an stemninga.

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6