Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Dei svarte svanene

Dei svarte svanene er første bok i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå med klima- og miljøsaker som spesialitet.

Ein båt krasjar i kaia utanfor fabrikken i den vesle bygda. Vanja, Sivert og Mo oppdagar oljesøl i fjorden, og dei kvite svanene er tilgrisa av svart olje. Kan det vere den rike fabrikkeigaren som kvittar seg med olja? Eller er den mystiske assistenten hans, Luke, innblanda? Når ingen vaksne trur på det dei fortel, må Klodeklubben ta saka i eigne hender.

Boka handlar om korleis ein kan ta vare på både naturen og dyra som lever der. Eit viktig bodskap er at barn kan utgjere ein forskjell når enkelte vaksne gjer dumme ting. Forteljinga skildrar også det gode vennskapet mellom tre ulike barn.

Forfattar Ruth Lillegraven har skrive denne spennande forteljinga som passar godt for barn i alderen 6 til 9 år. Jens Kristensen står bak dei fine illustrasjonane som fungerer godt i samspel med teksten. Før ein skal lese forteljinga, kan det vere lurt å sjå på oversiktskartet som er fremst i boka. Boka inneheld også miljøfakta frå Ole Mathismoen som er journalist i Aftenposten.

Dei svarte svanene er ei forteljing som eignar seg godt til høgtlesing saman med dei yngste barna. Litt eldre barn klarer fint å lese denne boka på eiga hand.

Dersom ein skal arbeide med natur- og miljøspørsmål på skulen, så er dei to nye bøkene i Klodeklubben eit godt utgangspunkt.

Boka finst òg som digital lydbok.