Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Hytta som forsvann

Hytta som forsvann er andre bok i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå med klima- og miljøsaker som spesialitet.

På garden der Vanja bur, blir fleire av dyra sjuke. Samtidig skjer det noko med den tomme hytta i skogen, der Vanja og Sivert har leika. Kven er det som riv gamle hytter og byggjer nye? Og kvifor flyt søppelet rundt i naturen?

Boka handlar om korleis ein kan ta vare på både dyra og naturen. Eit viktig bodskap er at barn kan utgjere ein forskjell når enkelte vaksne gjer dumme ting. Forteljinga skildrar også det gode vennskapet mellom tre ulike barn.

Forfattar Ruth Lillegraven har skrive denne spennande forteljinga, som passar godt for barn i alderen 6 til 9 år. Jens Kristensen står bak dei fine illustrasjonane, som fungerer godt i samspel med teksten. Før ein skal lese forteljinga, kan det vere lurt å sjå på oversiktskartet som er fremst i boka. Boka inneheld også miljøfakta frå Ole Mathismoen, som er journalist i Aftenposten.

Hytta som forsvann er ei forteljing som eignar seg godt til høgtlesing saman med dei yngste barna. Litt eldre barn klarer fint å lese denne boka på eiga hand.

Dersom ein skal arbeide med natur- og miljøspørsmål på skulen, så er dei to nye bøkene i Klodeklubben eit godt utgangspunkt.

Boka finst òg som digital lydbok.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
krim
Frost
3–6
3–6