Bokbussen

Bokbussen RAUD, Bokbussen LILLA, Bokbussen BLÅ, Bokbussen GRØN, Bokbussen FAKTA, Bokbussen FAKTA nr. 2 og Bokbussen SPENNING. GAN Aschehoug Målgruppe 1.–4. trinn

Sju bussar med småbøker

BOKBUSSEN inneheld til saman 160 nyskrivne småbøker til støtte i leseopplæringa. Bøkene vert leverte i solide øskjer med lok: Bokbussen RAUD, Bokbussen LILLA, Bokbussen BLÅ, Bokbussen GRØN, Bokbussen FAKTA, Bokbussen FAKTA nr. 2 og Bokbussen SPENNING. Desse er fine å ha på klasserommet, som eit lite bibliotek i seg sjølv.

I kvar boks er det småbøker på to nivå. Til saman er det seks nivå etter vanskegrad og tekstmengd. Både innhald og illustrasjonar har eit breitt spenn, så her bør det vere noko for kvar ein smak. Lærarrettleiinga til Bokbussen RAUD og Bokbussen BLÅ inneheld metodiske tips, loggbok, omtale av bøkene med meir. Alt av materiell til elevane er på nynorsk. På nettsida til forlaget finn du også gratis arbeidsark på nynorsk til bøkene i Bokbussen GRØN.

Bokbussen RAUD: Nivå 1 og 2

Bøkene har 12 sider, med svært korte setningar, ei eller to stavingar, stor grad av oppattaking og mest mogleg lydrette ord. Illustrasjonane støttar teksten.

Bokbussen LILLA: Nivå 1 og 2

Bøkene har 12 sider, med svært korte setningar, ei eller to stavingar, stor grad av oppattaking og mest mogleg lydrette ord. Illustrasjonane støttar teksten. Bøkene har stive permar.

Bokbussen BLÅ: Nivå 3 og 4

Bøkene har 16 sider, og tekst på dei fleste sidene, men ikkje meir enn åtte linjer per oppslag. Elevane møter nokre samansette ord, fleirstavingsord og doble konsonantar.

Til skulestart 2021 kjem Bokbussen ORANSJE, med 20 bøker fordelte på nivå 3 og 4. Bøkene får stive permar.

Bokbussen GRØN, Bokbussen FAKTA, Bokbussen FAKTA nr. 2 og Bokbussen SPENNING: Nivå 5 og 6

Vanskegraden er litt høgare, men det er framleis illustrasjonar på alle oppslaga. På nivå 5 og 6 er det 250–850 ord per bok, og setningsoppbygginga og vokabularet er variert. Alle bøkene på nivå 5 og 6 har stive permar.

Bokbussen digital

Fleire av Bokbussane finst i digital utgåve, på ei rekkje språk. Desse utgåvene er dermed også eigna til morsmålsundervisning og gjev elevar med ulik språkleg bakgrunn tilgang til å lese den same litteraturen. Her er fire funksjonar: Les sjølv, les for meg, les inn og høyr deg sjølv. Les på gan.aschehoug.no for meir informasjon.