Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Peter F. Strassegger: Aleksander den store

Alexander er 15 år og utvist frå skulen. Han har rive ut det eine auga til medeleven David under ein slåstkamp i skulegarden. David har mobba han i mange år, og til slutt svartna det for Alexander og han gjekk for langt.

Mor til Alexander er frå Noreg, og den vesle familien mor, far og Alexander flyttar til Noreg og huset der mor budde då ho var lita. Her kan dei få ein ny start, her kan den vesle jenta som veks i magen til mor vekse opp og bli fødd.

I det nye landet er det nye mobbarar som er ute etter Alexander. Gjengen til Torve har mykje makt, og Alexander arbeider aleine med den harde strategien sin for å få respekt slik at dei lar han vere i fred.

Det er mange truslar og mykje rå vald mellom ungdom i denne boka. Samtidig teiknar ho eit bilete av ein intelligent gut som likar å lære, om foreldre som er venlege med kvarandre og som usikkert forsøker å hjelpe Alexander med aggresjonen som av og til veks inne i han. Boka fortel også om korleis samhald og venskap kan vere med på å snu farlege tankar.

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
ungdomsbøker