Gaute Eiterjord: Klimaopprøret

Gaute Eiterjord, med bakgrunn frå Natur og Ungdom, har skrive ei handbok for ungdommar som vil diskutere klima- og miljøsaker. Han tar utgangspunkt i Greta Thunbergs engasjement og skolestreikane i 2019. Eiterjord er svært kritisk til politikarane og deira manglande handlekraft: FNs klimapanel kom med den første klimarapporten sin i 1990, men politikarane sviktar og skuldar på kvarandre. Og vi har dårleg tid.

Gjennomsnittstemperaturen på jorda har blitt ein grad varmare, og det har alvorlege konsekvensar. Det blir meir ekstremvêr, og artsmangfaldet er truga. Klimautfordringane går hardast utover dei fattigaste folka og landa.

Eiterjord tar for seg klimafornektarane, og meiner det finst to typar:

1) Dei som nektar for at det finst ei klimakrise, og nektar å høyrer på fagfolk.
2) Dei som meiner klimakrisa ikkje er så farleg. Det nyttar ikkje kva du og eg gjer i Noreg.

Eiterjord er på parti med ungdommen, han synest dei er mykje meir engasjerte enn dei eldre. Han meiner dagens miljøpolitikk er eit svik mot dei unge. Natur og Ungdom var med på klimasøksmålet mot staten i samband med nye konsesjonar for oljeboring i Barentshavet. Dei meiner staten bryt miljøparagrafen i Grunnlova, §112. Saka skal behandlast i Høgsterett i november.

Ein negativ konsekvens av å vere engasjert i klimaspørsmål er at ein dessverre må vere budd på å få hets og truslar. Eiterjord har hatt fleire opplevingar med folk som ikkje vil diskutere sak, men han som person. Han presenterer påstandar som ofte kjem i debatten, og som ein kan førebu seg på å svare på når ein diskuterer. Han skriv også om at olje- og gassnæringa står for ein fjerdedel av norske utslepp av klimagassar. Vidare tar han for seg ein del mytar om næringa for å tilbakevise dei. «Norsk olje og gass er rein» og «Vi blir eit fattig land utan olja» er to slike mytar.

Greta Thunbergs skolestreik for miljøet breidde om seg i raskt tempo. Det blei mange og store demonstrasjonar, og Eiterjord meiner det viser kor stor kraft det finst i ungdom som engasjerer seg. Likevel blir han frustrert over alle som ikkje vil høyre.

Han tar opp spørsmåla om fornybar energi og særleg om vindkraft, som han meiner vi treng meir av. Men han meiner det er viktig at anlegga må plasserast der dei gjer minst skade. Han skriv også om bompengar, og at dei i første rekke må brukast til å bygge ut kollektivtransport, ikkje nye, store vegar. Miljøtiltak kostar, men vi vil nyte godt av dette seinare. Ungdommar vil ikkje ha skryt for engasjementet, dei vil ha gjennomslag nå!