Antoine de Saint-Exupéry: Den vesle prinsen

Omsett til nynorsk av Jon Fosse

Det er berre med hjartet ein ser godt. Det viktigaste er usynleg for auga.

Antoine de Saint-Exupéry-klassikaren Le Petit Prince er med dette framifrå omsett til nynorsk av Jon Fosse. Med om lag 300 omsetjingar og 200 millionar selde eksemplar er den poetiske og filosofiske barneboka allalderlitteratur elska av både barn og vaksne i generasjonar verda over. Språket og illustrasjonane er naivistiske og med livsvisdom både i og mellom linjene.

Flygaren De Saint-Exupéry naudlandar med fly i Sahara. Kva skal han gjere? Tørst blir han óg. Plutseleg dukkar den vesle prinsen opp, og dei kjem i samtale. Den vesle prinsen har forlate heimplaneten Asteroide B612 der den kjære rosa hans står. Han har lagt ut på ei reise til mange planetar i håp om å finne ein venn. Gjerne ein sau. På reisa har den vesle prinsen sett og møtt mange ulike typar som alle har gitt han erfaringar og livsvisdom på ulike vis. Desse erfaringane vil den vesle prinsen gjerne dele med Antoine før han til slutt forsvinn.

I boka møter vi kongen utan undersåttar, den forfengelege mannen, han som skjemmest av at han drikk og drikk fordi han skjemmest, den alvorlege forretningsmannen som vil eige alle stjernene, lyktetennaren, geografen, baobab-trea, rosehagen og reven.

Boka gir rom for undring og refleksjon over dei universelle temaa makt, avhenge, sjølvdyrking, vennskap og kjærleik. Kva er eigentleg viktig, og kva er heilt likegyldig i livet? Med utgangspunkt i ei sann naudlanding. Ei varm og klok forteljing.

Ein barneroman på 91 sider.

Boka finst òg som lydbok.