Atle Hansen: Eg har venta på deg

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisingsopplegg til serien Grøss og gru

Simon og mora har nettopp flytta til Vågen etter at foreldra har skilt lag. Dei har flytta inn i Slottet, huset mora har arva etter ein onkel. Huset har eit tårn, og her er rommet til Simon. Søstera Maria vil ikkje bu her, fordi ho har høyrt gråt om natta og meiner det spøker. Dessutan bur det berre gamlingar i bygda.

Simon liker å vere ute i båten og fiske, og han syklar til naustet. Båten har han sett i stand sjølv. På vegen møter han ei lyshåra jente som seier hei til han, og seinare ei gamal, svartkledd kone som sit på ein stein. Ho sit på same staden når han kjem tilbake, og Simon synest ho følger han med auga. Inne i naustet høyrer han ei stemme som seier namnet hans og ber han komme. Ho har venta på han, seier ho. Dette synest Simon er uhyggeleg, og skundar seg derifrå. Han trur han berre har drøymt.

Mora arbeider på ein heim for unge jenter, og Simon er heime aleine. Ho ringer, og han fortel om den svartkledde kona. Mora blir stille, men fortel ei historie dei brukte å skremme ungar med då ho var lita. Den svarte enka viser seg for unge menn som skal ut og fiske, og roper på dei og seier at ho har venta på dei. Det går kaldt gjennom Simon. Same kvelden høyrer han gråt.

Dagen etter møter han den lyshåra jenta på kaféen. Ho heiter Sofie, og Simon er begeistra for ho. Likevel kjenner han på seg at noko er underleg. Ho fortel at det spøker i Slottet, og at dei to er i slekt. Sofie må plutseleg gå, og då blir Simon vinka bort til ein gammal mann, Samson, som innstendig ber han halde seg borte frå Sofie.

Nå veit ikkje Simon kva han skal tru. Korleis kan alt dette henge saman? Er historia om den svarte enka sann? Og kva er det med Sofie? Har Samson rett, eller er det han som er underleg? Finst det spøkelse?

Eg har venta på deg fortel ei spennande historie og er eit godt bidrag til Grøss og gru-serien. Hansen har vist før at han meistrar kombinasjonen av godt og lettlese språk, og denne romanen er ikkje noko unntak.