Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Helene Hovden Hareide: Butikksongar

Har du tenkt på at duren av frysediskane i butikken er viktig i livet ditt? Duren kan vere ein av songane frå butikken. Etikettane på varene, den glansa overflata, vil kunne underleggjere noko av det vi tar for gitt. Her er inntrykk frå heile verda.

I diktsamlinga møter vi tre ulike lyriske eg som har fått ordet i kvar sin del. Vi møter mannen som har overtatt huset etter farfaren, og som blei igjen i bygda då alle andre drog. Nå arbeider han på butikken. I andre del møter vi den unge mora som handlar i ein butikk, og som også drar heim til mora si på den vesle garden når ho skal lese til eksamen. I tredje del er eg-et representert av ei eldre kvinne som ikkje har nokon til å ta over garden, som må sende dyra med slaktebilen og som hamnar på sjukehuset.

Dei tre stemmene har alle tilknyting til bygda, til tidlegare generasjonar og levde liv med mykje arbeid. Butikken har ei sentral rolle både i bygda og i liva til dei som handlar der.

Matbutikken er eit kvardagsleg motiv, men ein butikk rommar så mykje meir enn ein tenker på til dagleg. Den lokale butikken representerer noko meir enn seg sjølv, han opnar opp mot resten av verda. Desse dikta er ikkje symboltunge, det er meir ei utforsking av språk. Eller sagt med ei verselinje frå Butikksongar: «så mykje liv, som ingen veit om».

Butikken er ein viktig møtestad, alle er innom her. Her kan dei utveksle lokale nyhende og sladder; «og no skal ordføraren skiljast». Butikken er også ein gøymestad for ungar, her kan dei oppdage noko nytt og ukjent. For den eldre dama som opplever at dei andre blir tause i det ho kjem, er butikken noko anna. Butikken er også ein bindelekk ut mot den store verda, blåbær om vinteren og mango om våren, som har blitt frakta jorda rundt på skip og lastebil.

Det er mange ulike lydar i butikken, stemmer frå folk, dirring i lysrøyra, piping frå skannaren; «ein evig dur / i viftene og diskane / dei kallar for musikken i butikken». Vatn i ulike variantar er motiv gjennom heile samlinga. Her er det «ei elv av lake og sylteagurk», «alt har ei elv i seg / fisken og sausen og kjøtdeigen» og «var golvet vått av smeltevatn». Vatnet i springen som kjem frå fjellet og renn vidare under vegen, er ein annan representant. Bananen som ikkje må rotne, får også vere med gjennom heile diktsamlinga.

Alle tre stemmene minnest tilbake til ei tid som er forbi. Dei ser samanhengar til generasjonar før seg, og arbeidet og strevet dei har hatt. Slekta har stor innverknad, og slik blir det om ein vil eller ikkje. Den eldre kvinna «bur der augo til slekta var» og Håvard «skrapar tapet, sparklar hol, sliper golv / i huset deira, mitt».

Bygda heng saman med verda. Farfar har vore sjømann og har frakta heim frukt til butikkane. Ho som er student, tenker at mora og den vesle garden står i sterk kontrast til det ho skal lese om, teoriar om frihandel, marknad og produksjon, priselastisitet og import. Mora på si side held fram med sitt.

Enten ein vel eit einskilt dikt, ein av dei tre hovuddelane eller heile samlinga, er desse dikta fine å bruke i undervisninga. Dei kvardagslege motiva er lette å kjenne igjen, men dei innbyr til refleksjon og samtale og vidare utforsking. Kanskje får ein nye innspel i korleis ein skal oppfatte livet på matbutikken?

Her kan du høyre eit intervju på 10 minutt med Helene Hovden Hareide frå NRK Bok.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker