Bår Stenvik og Rune Markhus: Ti utrulege oppfinningar

I ti spennande kapittel kan vi lese om oppfinningane lyspæra, atombomba, kjøleskapskrukka, p-pilla, antibiotika, oppvaskmaskinen, autotune, protesar, kevlar og den vitskaplege metoden. Her får vi presentert nokre nye og nokre gamle oppfinningar, og veit du ikkje kva alt dette er, kan du lese om det i boka. I tillegg finn vi tekstboksar der vi får informasjon om andre oppfinningar. I kapittelet om oppvaskmaskinen får vi presentert miksmasteren, ostehøvelen, gaffelen og nåla. Vi får også lese historia om forfattaren som i si tid måtte hjelpe til med oppvasken.

Lyspæra er sjølve symbolet på det å finne opp noko epokegjerande, og det klassiske bildet av ein oppfinnar er ein mann i kvit frakk på eit laboratorium. Stenvik nyanserer dette bildet og skriv at ei oppfinning gjerne er resultat av eit samarbeid mellom fleire, og at oppfinningar tar tid å utvikle. Dei er sjeldan resultat av ein genial idé, men eit langvarig arbeid med prøving og feiling. Oppfinnaren kan sjølvsagt like godt vere ei kvinne; «Og denne evna til å sjå nærare der andre ikkje ser noko interessant, er typisk for ein oppfinnar».

I kapittelet om atombomba får vi også lese historia om Josef Rotblat, som heile tida var i tvil om det var rett å utvikle ei slik bombe. Han trekte seg frå prosjektet, men amerikanarane laga ferdig atombomba utan han. «Oppfinnarar tenkjer mykje på det gode som følgjer av oppfinningane deira, og lite på det fæle. Men dei fleste gode påfunn har også dårlege sider».

Det kan ta tid å overtyde andre om at det ein har funne på eller funne ut, er ei god oppfinning. Tolmodigheit trengst, fordi utvikling tar tid. Av og til kjem ei oppfinning som følgje av eit slumpetreff. Vi har alltid prøvd å finne forklaringar på det vi ikkje forstår, som t.d. at lyn og torevêr var eit resultat av at den norrøne guden Tor køyrde over himmelen med bukkane sine. I dag veit vi korleis det heng saman.

Mot slutten av mange kapittel blir det stilt spørsmål som lesaren kan tenke over: Kva skal vi gjere for å finne opp fleire nye ting? Finst det ting forskarane burde bli samde om å ikkje forske på? Kva er juks?

Det er bra at boka inneheld eit eige kapittel om den vitskaplege metoden, og kva som er styrkar og svakheiter med oppfinningar. Det fungerer godt at vi får lese om reservasjonar oppfinnarar har hatt, og kva dei har angra på. Vitskapsfolka leiter like gjerne etter teikn på at teoriane deira ikkje stemmer.

Dette er ei bok til å bli klok og inspirert av. Det blir fortalt i eit godt og tilgjengeleg språk, og nokre av omgrepa som blir brukt, som t.d. feminist og foster, blir forklart. Boka fungerer også som ei oppslagsbok som ein kan ta fram mange gonger.  Her er mykje for nysgjerrigperar av begge kjønn.

Illustrasjonane til Rune Markhus er verkeleg flotte, og dei passar veldig godt til dei oppfinningane som blir presenterte. Det er eit godt samspel mellom tekst og bilde, og bilda utvidar sjølve teksten og tilfører meining. Den grafiske utforminga av boka er spennande og inviterer lesarane til å utforske sjølv. Det er fine figurar og ein god bruk av kraftige fargar, som saman med teksten presenterer ei veldig spennande bok.