Selma Lønning Aarø: Bergtatt

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisingsopplegg til serien Grøss og gru

Leo og mora har flytta frå Oslo og inn i huset etter bestemora. Det er første dagen hans i den nye klassen, og alt han ser, er dei grøne auga til den langhåra jenta. Ho heiter Lilly og er også ny. I friminuttet blir han kjent med Oskar og Sara. Oskar har vore kjærast med Maria som berre forsvann.

Leo likar å teikne, og han teiknar Lilly. Mora blir bleik då ho ser det. Han ser ut på skogen, og opplever mørket der som stort og skremmande. Så ser han noko som rører seg, og han kjenner den same kvalme kjensla som på skolen.

Besta har fortalt han mange historier om vette, troll og ting som hender i underverda. Kan det vere noko i desse historiene? I skogen treffer han Lilly som lokkar han med seg og viser han ei lita hytte i skogen. På spørsmålet hans om ho bur der, svarar ho både ja og nei. Han stryk på Lilly, men brått reiser ho seg og jagar han ut av hytta. Han gøymer seg og ser ein svært høg, skjeggete mann som kjem til hytta og roper: «Kvifor sleppte du han ut? Du har han på kroken, gjer deg ferdig». På heimvegen møter han ei gamal kone som åtvarar han, og seier han må komme seg heim og ikkje vere i skogen. Ho liknar ei kone frå eventyra om Oskeladden.

Leo er full av spørsmål og kan ikkje tru det han har opplevd. Kanskje han berre har drøymt? Han liker Lilly veldig godt, men forstår seg ikkje på ho. Dei grøne auga følgjer han dag og natt.

Spenninga stig, det uforklarlege blir meir og meir uforklarleg og eventyraktig, og samtidig blir Leo meir og meir involvert. Han blir sett på ei stor prøve som han slett ikkje veit om han kjem til å meistre.