Olaug Nilssen: Yt etter evne, få etter behov

Vi blir kjende med ein familie som held på å bryte saman. Dei treng kvarandre, men har samstundes vanskar med å vere saman og å kommunisere. Vi får innblikk i kva det vil seie å ha ein autistisk gut i familien, og med det kjenslene av å vere hjelpelause og utslitne.

Nåtidsplanet i forteljinga varer i fem timar den 1. desember. Benjamin skal køyrast heim etter avlastingsopphald, og verken Rakel eller Lea er til stades for å ta hand om han. Han blir levert til besteforeldra og Linda og hennar familie, og dei tar han med på tur i skogen der han blir borte.

I dei andre kapitla går vi to veker tilbake i tid og får innsyn i familiesituasjonen fortalt av tre av personane, søstrene Rakel og Lea og mor deira Gudrun. Faren og den tredje søstera, Linda, og Benjamin blir vi kjende med gjennom omtale. Dette er ei spennande oppbygging av romanen, der bakgrunnen for situasjonen i nåtida gradvis blir avdekt.

Benjamin er ein krevjande gut med autisme. Han gir lite respons og er utagerande. Han har lite språk, men er sterk og rask, og det er ingen som heilt klarer å handtere han. Benjamin blir eit midtpunkt, fordi han verkar inn på storfamilien rundt seg og korleis relasjonane og samtalane mellom dei andre blir. Vi ser gjennom tilbakeblikka i romanen kva rolle dei einskilde har fått i familien.

Lea er biologisk mor til Benjamin, og ho har vore aleine med han i ni år. No er ho utsliten og sengeliggande, har angst og eteforstyrring. Ho orkar ingenting, og klarer ikkje stille opp slik dei andre forventar av ho. Ho har trudd at Benjamin kunne bli frisk, og har prøvd seg fram med all verdas metodar. Etter kvart måtte ho gi frå seg omsorga til den eldste søstera si, Rakel.

Rakel er den som fiksar alt, og har hatt omsorga for Benjamin dei to siste åra, og seinare også for Lea. Benjamin og Rakel går ofte turar saman, for ho har gitt opp at Benjamin skal fungere sosialt. Ho innser at han reagerer på instinkt. Gjennom omsorga for Benjamin har ho fått eit anna syn på kva som er verdfullt for ho. Rakel slit med å kople av, og blir sjuk og bryt saman. Då er det ingen av dei andre som kan eller vil stille opp.

Linda er den yngste søstera, ho har alltid kjent seg oversett og sjalu i høve til søstrene. Ho meiner foreldra er meir glade i dei to andre. Linda er lege, og meiner Lea er lat og ikkje sjuk. Også mora deira, Gudrun, har eit anstrengt forhold til Lea og Benjamin, ho veit ikkje kva ho skal snakke med dottera om. Lea på si side blir fornærma og irritert. Gudrun synest ho er i klemma og tenker: «Uansett kven eg støttar av jentene, og då meiner eg alle tre, så føler eg at eg trampar på ei av dei andre».

Romanen viser fram kor vanskeleg samspelet i ein familie er, og korleis det blir ekstra utfordra når det finst ein autistisk gut. Her er mange og motstridande kjensler i spel. Det handlar om å ikkje strekke til, og det handlar om manglande forståing for kvarandres situasjon. Det er anstrengt og irritabelt mellom dei, og ein manglande kommunikasjon.

Olaug Nilssen har god innsikt i kva det gjer med ein familie når ein familiemedlem krev så mykje. Og ho klarer å formidle desse familietilhøva utruleg godt. Endå ein glimrande og engasjerande roman av Olaug Nilssen!

Utdrag frå boka: