Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Inger Johanne Sæterbakk: Rundt jorda og tilbake

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 5–13)

Jonas er eg-forteljaren, og han går i sjuande klasse. Han liker veldig godt å spele gitar. Han bur saman med mamma og veslebror Andreas som er åtte år. Pappa har nettopp flytta ut fordi han har fått seg ny kjærast. Dette pregar heile familien, mamma er veldig lei seg. Jonas tenker at han må vere veldig snill, slik at ho blir glad igjen.

Ein dag seier mamma at det må bli forandringar, dei må leige ut i kjellaren ei stund. Det tyder at Jonas må flytte frå rommet sitt og opp på loftet og dele rom med veslebroren. Dette går hardt inn på Jonas: «Eg trekker tårene inn i skuffa bakarst i hjernen. Eg stappar dei inn i lag med tankane det ikkje er lurt å tenke. Alle dei tankane som gjer det vanskeleg å vere glad.»

Det blir ei overrasking for Jonas at det er den nye jenta i klassen, Mina med det grøne håret, og mora hennar som skal flytte inn. Han har det vondt med tanken på kva ho kan finne på å gjere der. Men Mina er livleg og glad, og tenker at ho slett ikkje skal halde seg unna Jonas. Mina er flink til å teikne, og opptatt av stjerner og stjerneteikn. Ho vil gjerne vere venn med Jonas, og foreslår ting dei kan gjere i lag.

Det er berre ein ting som er som før, gitartimane. Jonas øver på ein song han skal spele på konserten. Det er mamma sin yndlingssong, og om han kan få pappa til å komme, trur han at dei to kjem til å sjå på kvarandre igjen og innsjå at det må vere dei to. Jonas kjenner på eit stort ansvar for mamma. Han må klare å gjere slik at ho blir glad igjen.

Mina og Jonas blir etter kvart gode vennar. Dei har bestemt seg for å gjere lekser saman og høyre på musikk. Mina meiner ho ikkje har lært så mykje på skolen fordi ho har flytta så ofte, og fortel om kjærastane til mora si. Jonas og Andreas skal til pappa i helga, og han bed Mina passe på mora hans. Jonas har vondt i magen. Mina kjem innom og les opp horoskopa for Jonas og mor hans, og det høyrest lovande ut for helga. Ho tar jobben alvorleg, og sender stadig meldingar til Jonas om korleis det går. Han og Andreas har sakna pappa, men synest at pappa er mest opptatt av Mariann: «Mariann er som ein ny kroppsdel på pappa sin kropp». Men han får pappa til å love å komme på konserten, aleine.

Den dagen konserten skal vere, er Jonas nervøs frå han vaknar om morgonen. Kameratane prøver å roe han ned, for dei veit at Jonas er skikkeleg flink til å spele. Men dei veit ingenting om den planen Jonas har lagt. Det veit heller ikkje gitarlæraren.

Korleis dette går, må du lese boka for å få vite. Sæterbakk er god til å skildre dei to hovudpersonane Jonas og Mina, og får godt fram kor ulike dei er. Mina ser at Jonas er lei seg heilt tida, sjølv om han prøver å skjule det. Romanen viser fram kor viktig det er å snakke saman og fortelje korleis ein eigentleg har det. Ikkje alt går over av seg sjølv.

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12