Bok på 1-2-3: Gabba gabba hey

Tverrfagleg opplegg i faga norsk, KRLE, kunst og handverk og naturfag.

Undervisingsopplegg (PDF)

Boka Gabba gabba hey! er eit visuelt fyrverkeri om ein far som elskar tivoli og ville karusellar og om sonen hans, Knut, som ikkje likar tivoli. Knut er også redd for seie frå om dette. I denne ressursen inviterer vi elevane til å samtale om frykt, glede, sug i magen, klump i magen, tivoli og fisketur.

I etterarbeidet kan ein velje mellom tre ulike aktivitetar. Dei to første oppgåvene er teikneoppgåver, den tredje er ei kreativ byggjeoppgåve i Lego. I tillegg har vi leita fram peikarar til ei svært omfattande, teknologisk oppgåve der elevane byggjer motoriserte karusellar. Oppgåvene har peikar til instruksjonsfilmar på YouTube.

Tid: 60–120 minutt

Utstyr og førebuing:

Del 1: Lese bok og samtale om boka (35–45 minutt)

Del 2: Etterarbeid (20–90 minutt)

  • Teikneoppgåve 1: teiknesaker
  • Teikneoppgåve 2: teiknesaker og trinn-for-trinn-teiknerettleiarar
  • Legooppgåve: Lego (med element som kan snurre/spinne) og inspirasjonsfilm

Boka

Praktisk etterarbeid

Tanken her er at de skal velje ei av oppgåvene nedanfor.

Teikneoppgåve 1 (20–60 minutt). Friteikning: teikn drøymekarusell eller drøymedag
La elevane teikne drøymekarusellen sin eller drøymedagen sin. Be dei fargelegge teikninga si i sterke fargar.

Teikneoppgåve 2 (20–60 minutt). Teikn karusellar etter trinn-for-trinn-oppskrift.
Her finn de ei rekkje instruksjonar med filmar som viser trinn for trinn korleis ein teiknar ulike karusellar:

Oppgåve 3. Byggje fornøyelsespark i Lego (30–90 minutt)
Dersom skulen (eller SFO) har mykje Lego, kan barna byggje karusellar i Lego.
Det er viktig at ein har byggjedelar som gjer det mogeleg å byggje konstruksjonar som kan snurre/spinne.

La gjerne elevane sjå denne filmen før dei går i gang:
LEGO Fairground Carousel Building Instructions (tid: 2.04)
Snakk gjerne først om kva ein kan byggje (pariserhjul, berg-og-dal-bane, kiosk, bane for radiostyrte bilar, hestekarusell, etc.)

Oppgåve 4. Teknologi i skulen – lag motoriserte karusellar. Større prosjekt
På Youtube ligg det fleire demoar som viser korleis ein kan lage motoriserte karusellar og berg-og-dal-baner.

Enkle typar:
How to Make a Carnival Ride for Kids (tid: 4.33)
Carnival Ride (tid: 6.12)

Avanserte karusellar:
10 Amazing Amusement park rides from cardboard (tid: 10.47)
Denne filmen er ein demo som viser ti ulike typar. For nokre oppskrifter, sjå nedanfor: