Bok på 1-2-3: Himmelspringaren

Dette er eit tverrfagleg opplegg for 1.–4. trinn i norsk, KRLE og kunst og handverk med utgangspunkt i temaet «folkehelse og livsmeistring».

Tid: 90 minutt

Undervisingsopplegg (PDF)

«Det byrja ei natt i april. Heile Rakkarhågen var pakka inn i skodde, og Gullullafjøset såg ut som det hang i lause lufta. Inne i fjøset sto Fjellfjosa, ballrund som ei kule. Johanna godprata med ho, klødde ho bak øyra og kviskra mjuke ord. – Kjære, flinke Fjosa mi, sa ho. – Kor eg gler meg til å sjå ungane dine. Det Johanna ikkje visste, var at det denne natta skulle bli født eit lam i Gullullafjøset som ingen hadde sett maken til i heile fjorden. Og sikkert ikkje i fjorden bortanfor heller.»

Slik byrjar forteljinga om Lilla Himmelspringar. Fjellfjosa får tre kvite, fine lam denne natta. «Plutseleg daska endå ein krusedull rett ned i golvet. Alle vart ståande og gape. Noko var FULLSTENDIG gale. Ho er jo … lilla! sa Johanna.» Noko lilla lam vil ikkje Fjellfjosa ha, det fjerde lammet vert kopplam og får ikkje vere med på fjellet. Men Gamalsauen har vore kopplam sjølv. Og ho kjenner alle vegane i fjellet. Spenninga toppar seg når jerven kjem og truar sauene på beite i Heimfjella. Lilla finn motet i seg, og tek sats.

Boka

Tilleggsressursar

NRK Super. Marit og dyra, episode 3. Det er vår og varmt i lufta, lamming og vårslepp.

Tunkattens songbok:

BlimE-dansen 2020