Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Åsmund Husabø Eikenes: Ny kunnskap om kreft. På veg mot framtidas kreftbehandling

Dette er ei bok som gir oppdatert og kvalitetssikra kunnskap om eit tema mange har høyrt om, men som få utanfor fagmiljøa har detaljert innsikt i. Forfattaren Åsmund Husabø Eikenes er sjølv kreftforskar med doktorgrad i emnet. Han greier det kunststykket å presentere dei mange og svært komplekse sidene ved denne alvorlege diagnosen på ein måte som er til å forstå også for ikkje-fagfolk.

Eikenes skriv om immunterapi og andre behandlingsformer, om diagnostisering, forskingsprosjekt og vaksinar. Bruk av kunstig intelligens er også eit tema.

Ein sentral bodskap i boka er at kreft er mange ulike typar sjukdomar som krev til dels svært spesiell og individuelt tilpassa behandling. Det kjem godt fram kor vanskeleg det er både å stille heilt rett diagnose og å finne akkurat rett behandling.

Eikenes tar utgangspunkt i sjukehistoria til nokre utvalde pasientar og fortel om deira møte med helsevesenet og korleis behandlinga har verka – og ikkje verka. Dette er eit godt grep som gjer framstillinga meir personleg og mindre prega av tekniske detaljar.

I omtalen av ymse kliniske studiar og arbeidet med å utvikle vaksinar er det detaljar om metode som er relevante også på andre fagområde enn kreft. Boka vart utgitt i 2020, men manuset gjekk truleg i trykken før koronapandemien slo inn over Noreg og resten av verda for fullt. I eit eventuelt neste opplag vil forteljinga om utviklinga av alle Covid 19-vaksinane vere eit opplagt tillegg.

Boka er på ca. 150 sider og kan høve for vidaregåande elevar og andre med særleg interesse for medisin og anna naturvitskapleg forsking. Ho har omfattande litteratur- og referanselister som gjer det lett å finne vidare lesnad om dei ulike emna.

I etterordet skriv Kreftforeningen m.a. at dette er «en bok om kreft du kan og bør stole på.»
Ny kunnskap om kreft. På veg mot framtidas kreftbehandling er med andre ord god vaksine mot internettflaumen av ukvalifisert synsing med tilhøyrande tvilsame medisineringsråd.

Fleire boktips

ungdomsbøker
krim
dikt
unge vaksne